Arrangement

Lysfest Fjell festning-kopi.jpg

Vandreteater og lysfest

Vandreteater på Fjell Festning: Oline Havnisse

Laurdag 27.11

Kl.12 og kl.14


Me fylger havnissen Oline og Bestenissen som kjem til festninga for å tenne den magiske landlykta. Når den er tent, vil det lysast opp i alle landlykter langs heile kysten, slik at nissar og menneskja kan finne vegen heim til jul. Men når Bestenissen slår hovudet sitt og gløymer vegen til landlykten, må Oline og publikum ordne opp. Bli med på den spanande reisa, der Oline må hjelpe Bestenissen med å få hugsen tilbake! Kanskje me kjem over nokre løyndomar langs vegen og?
Oppmøte er ved kaféen i kanontårnet. Vi anbefaler å rekne god tid på å gå frå parkeringsplassen.

Pris:
Vaksen: 150 kr
Barn: 100kr
Familie (2+2): 450 kr
Billettar kjøpast her: https://museumvest.screenbooking.com/Tours/2367

Framsyninga varer i ca. 50 minutt og passer frå 3 år. Alt foregår utandørs- så kle deg og dine etter veret!

SMITTEVERN:
For å kunne gjennomføre arrangementet er vi avhengig av at publikum til ein kvar tid følgjer gjeldande smittevernstiltak. Er nokon i husstanden syk, eller føler du deg dårleg, er det viktig at du ikkje møter opp.


Ta gjerne kontakt på eventyriparken@gmail.com om det er nokon spørsmål!

Lysfest
Frå kl.16 vert det lysfest på Fjell Festning (gratis)

 Museet deler ut fakler ved porten og går samlet mot kanontårnet. Kanskje dukker nissen opp?

 

Priser: Vandreteater: Familiepakke 2 vaksne og 2 barn 250 kr. Barn 100 kr. Voksne 150 kr.

Lysfest gratis for alle