Vandreteater i Kanadaskogen
Skogen treng hjelp, er du den rette?
Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien.
Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal, slik går alt rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsessa Alva sin tur til å bli dronning, noko ho har forberedt seg til i alle sine år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Ryktar og vonde tankar spreiar seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: nemleg menneska.
Oppmøte:
Framsyninga startar ca 10 min gange frå Kandaskogen Friluftslivsbarnehage. Vi tilrår å nytte kollektivtransport denne dagen grunna begrensa parkeringsplassar. Følg dei markerte pilene fram til de kjem til "Oppmøtestad". Her vert de møtt av eine skodespelaren når framsyninga startar.
Det er også mogleg å parkere ved Nipedalen (ca. 25 minutters gange).
Vi anbefaler å være ute i god tid.
Varigheit: ca. 2 timar frå start til slutt
Alder: frå 3-9 år.
Pris: kr 225/200/gratis under 3 år. Kjøp billetter her
Manus: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen
Regikonsulent: Jan Neal Holden
Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymemaker: Julie Jensen
Skodespelarar: Stine Svellingen, Thomas B. Brandt, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen & Amalie Jensen Tolo.