Arrangement

Plakat Spelejenta uten tittel gul 1920 x1080-kopi.jpg

Spelejenta Av Jon Fosse

Fantasi, leik og musikk i perfekt harmoni! La heile familien få oppleve gleda av musikkteater gjennom «Spelejenta» av Jon Fosse.

Spelejenta og pappa er heime. Men sjølv om han sit rett ved sida av ho er han langt vekke. Han kan ikkje sjå eller høyre henne.
No må Spelejenta ta tak i fela si og legge ut på ei stor reise for å nå fram til pappa. Ho diktar
fram ei forteljing der pappa er forlist og der ho må møte mange farer for å hente han heimatt. Møblane i stova vert til hav og bratte fjell og lydane frå kvardagen blandar seg med tonane frå fela i eit sanseleg og musikalsk univers.
Kan hallingtonane vekke opp pappa så jenta og han kan vere i lag?
Bli med jenta på reisa over fjell og hav. Bli med for å hente pappa.

 

Passar for barn frå 5 år. Med: Thea Borring Lande og Jan Holden. Dramatisering, regi og manus: Ingrid Askvik.🎼


Speledagar på Det Vestnorske Teateret.

Fredag 26. mai kl. 18:00: Premiere!
Lørdag 27. mai kl. 15:00
Lørdag 27. mai kl. 18:00

Søndag 28. mai kl. 15:00
Søndag 28. mai kl. 18:00

Tirsdag 30. mai kl. 18:00
Onsdag 31. mai kl. 18:00
Torsdag 1. juni kl. 18:00

Varigheit: ca 1 time. Prisar: Ordinær 200 kr, BT Fordel 150 kr Barn 150 kr, Scenekort 100 kr
Meir info/billsal: 

 

Foto: Vegar Moe Nilsen
Illustrasjon: Silje Sandodden Kise