Arrangement

webbanner-frosken-om-vinteren.png

Frosken om vinteren

Frosken om vinteren

Det er vinter, og frosken frys. Han har ikkje fjør, spekk eller pels slik som venene anda, grisen og haren. Froskar er ikkje skapt for vintrar, og brått dett han så lang han er. Då er det godt å ha gode vener som tek seg av han gjennom dei lange vintermånadene. Etter kvart finn frosken ut at vinteren går an, særleg når han veit at våren ikkje er langt unna.

Forfattar og teiknar Max Velthuijs (1923-2015) skreiv Frosken-bøkene på slutten av 1980- og byrjinga av 1990-talet. Bøkene skildrar kjensler og vennskap gjennom vakre illustrasjonar på ein måte som barn forstår. Frosken- og venene har vore ein del av bokhylla til mange barn av 1990-talet og jammen held dei seg framleis, slik at også neste generasjon kan få gleda av dei. Scenekunstnar Oda Alisøy har omskapt bøkene til forteljarteater som passar aldergruppa 3-7 år. Kanskje vert dette det første møtet med teateret som kunstform og Frosken og venene?

 

Av: Max Velthuijs

Med: Oda Alisøy

Idé og konsept: Frøydis Århus og Oda Alisøy

Spilles lørdag 20.11 og søndag 21.11 kl 13. Kr 100.

Kjøp billetter her