Halloweenhuset Det vestnorske Teateret
Er de modige nok til å utforske Halloweenhuset? Kanskje ventar eit spøkelse eller to rundt neste sving... Vi gler oss til å sjå dykk – om de tør!
Bli med inn i Halloweenhuset på Det Vestnorske Teateret den 31. oktober eller 1. november. Følg Halloweenløypa, som går innom alle dei mørkaste krokane på teateret, og ver på vakt! Her kan kvar sving og kvart rom by på overraskingar som garantert vil få pulsen til å slå raskare! Sjølve løypa tek ca. 15-20 minutt å gå, så du har tid å gå «knask eller knep» i nabolaget ditt før og etter Halloweenløypa hos oss!
Vi inviterer til ein kveld fylt med spenning, mystikk – og ikkje minst mange overraskingar for både små og store!
Som alle veit, er det ved Halloween at alle verdas skumle og tvilsame karakterar viser seg. Resten av året held dei seg i skjul. Vi inviterer inn på teateret for å sjå om vi saman kan finne nokon av desse karakterane.
Kle dykk ut eller kom som de er: Alle er velkomne, om de kjem utkledde eller ikkje. Her er det berre å ta med familien og vener for ei skremmande kjekk kveld.
Du treng ikkje billett – her er det berre å møte opp! Varighet 15 - 20 min.
Når: 31. oktober + 1. november, inngang i tidsrommet kl. 17-20 på Det Vestnorske Teateret
Frå 5 år
Gratis.