Arrangement

2023-700x990-DenVeslePrinsen.jpg

Den vesle prinsen

Eventyrleg reise om vennskap og kva som er viktig her i livet

Ein pilot må naudlande midt i Sahara-ørkenen. Der møter han ein prins som seier han kjem frå ein annan planet på jakt etter ein ven.

Prinsen fortel piloten om reisa på veg til jorda, for på ferda har han vore innom ulike planetar med blant anna kongar utan undersåttar, ein drankar, ein lyktetennar, ein forretningsmann og ein geograf.
«Den vesle prinsen» er eit tankevekkande og morosamt eventyr fylt av fantasi og undring. Det handlar om kjærleik, om det å vere nysgjerrig og kva som eigentleg er viktig her i livet. Ei poetisk og filosofisk danningsreise om vennskap og tap, og som hyllar kreativiteten i oss alle.


Forteljinga om den vesle prinsen er ein høgt elska barnebokklassikar, og i vår versjon er det Jon Fosse som har omsett originalteksten.

Av Antoine de Saint-Exupérys


Regi: Annika Silkeberg


Premiere 9. februar, Store Scene

Passer best frå 6 år

Kr 240/200. Kjøp billetter her