Arrangement

Folkedans for barn.jpg

«Danse sa fela»

Familieforestilling og danseverkstad

 «Danse sa fela», 15. mars i Gimle. Familieforestilling og danseverkstad kl. 16-18, i Gimle. Kr. 100
Ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel! Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen. Danse, sa fela! er bygd opp som eit eventyr, og er ei moderne forestilling med tidlause referansar. Musikken og bevegelsesmaterialet er henta frå folkemusikken og folkedansen. Publikum vil gjennom dette språket bli introdusert for ei fantastifull fortelling. Dei blir direkte involvert i forestillinga på fleire måtar, både gjennom tekst, bevegelse og lyd.
Medverkane:
Nina Fjeldet (fele, sang, tramp, dans)
Silje Onstad Hålien (sang, dans)