Syng og få svar
Konserten Syng og få svar! høver særs godt for dei yngste borna. Her er lav meistringsterskel og stort rom for inkludering. Borna blir innlemma i kvar song med bruk av rytmisk klapping, tramping og fri dans. Dette er godt verktøy for å samle fokus med borna og å gjere noko morosamt og lærerikt i lag. Her kan alt skje og alle kan vere med!
Tekstane er på vestlandsdialekt og vi brenn for å vise at dialekt og nynorsk fungerer særs godt til musikk. Vi syng om det meste frå traktorar og skjulestadar, til mirakelkur for den som er sur.
Ved Arle Hjelmeland og Morten Skage
Ca. 40 min. Alder: fra 2 år
Vår 2026:
Lørdag 10. januar kl. 14.00
Damsgård skole
Lørdag 31. januar kl. 14.00
Bergen inkluderingssenter, Folkoteket
Lørdag 21. mars kl. 14.00
Ytre Arna bibliotek