
Riksteateret: Bukkene Bruse setter fyr på rompa til trollet
RIKSTEATRET:
Bukkene Bruse setter fyr på rumpa til trollet
6. september kl. 16:30 og 18:00 Kun FÅ BILLETTAR att til desse framsyningane!
Ord. 245,- / BT 200,-
Om framsyninga:
Bukkene Bruse vender tilbake og setter fyr på rumpa til trollet!
Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største synest det blir altfor dyrt. Han vil heller på setra som dei brukte å gjere før. "Æsj," seir dei to minste, "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vaflar på setra, og til slutt drar dei av garde. Men kor er det blitt av trollet?
Ein av Riksteatret sine største suksessar dei seinaste åra er Bukkene Bruse på Badeland – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursund si enormt populære barnebok. No kjem oppfølgaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.
Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å gleda seg!
Framsyninga passar for born frå 3 år.
På scena
Janne Starup Bønes, Madeleine Barosen Herholdt, Jørn Morstad, Håkon Thorstensen Nielsen, Marte Stolp og Erlend Rødal Vikhagen
Team
Regissør: Ivar Emil Tindberg, Scenograf: Gjermund Andresen, Kostymedesigner, Dukkedesigner: Ingrid Nylander, Lyddesigner, Komponist: Peter Baden, Lysdesigner: Martin Myrvold og Produsent: Rebecca Mathisen
Forestillingslengde: 45 minuttar (ingen pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 28. februar 2019
Produsert av Riksteatret
Link til framsyningane.