
Henrik & Emma Noor
Dei byr på vareirte innslag frå friske hits, musikalar og signaturlåtar frå MGPjr. Desse blir bundne saman av små humoristiske dialogar. Artistane opptrer både saman i duett og med soloinnslag.
Henrik og Emma Noor deltok begge i MGPjr 2015 og har holdt ei rekke konsertar over heile landet. Dei blir omtala av tidlegare arrangørar som ungdom med stort scenisk talent og sterk og ekte formidlingsevne. Dei engasjerer publikum og utviser ein profesjonalitet på nivå med vaksne artistar.
Emma Noor (14) frå Bryne begynte songkarriera som 7-åring. Ho har hatt hovedrolla i fleire store musikalar, vunne fleire musikkprisar, produsert og gjeve ut musikkvideo og delteke på MGPjr sommarturne 2016. Ho har det siste året hatt over 100 songoppdrag.
Henrik (15) frå Bærum starta si karriere i barne-TV allereie som 5-åring og har sidan fått mykje sceneerfaring. Han har hatt ei større rolle i musikalen Oliver på Oslo Nye teater, spela ei hovedrolle i den populære serien Jenter på NRK Super, og var ein av artistane under kongeparet sin 25- årsjubileumskonsert.
Det blir moglegheit for ”meet and greet” med signering og fotografering etter konserten.
Konsertprogramet har ein varighet på minimum 60 minutt.
Sjå link for ein liten smakebit på kva konserten kan by på: