
Felabaluba med Askeladden
Ei musikalsk vandring gjennom norske folkeeventyr.
Familieframsyninga «Felabaluba med Askeladden» er ei musikalsk vandring gjennom fleire av dei kjende og kjære norske folkeeventyra om brørne Per, Pål og Espen Askeladd.
Framsyninga passar for born frå ca. 3 år, og varar i ca. femti minuttar.
Medverkande
Ramona Sulen: skodespelar/vokal (Bergen)
Britt Elise Skram: fele/Askeladden (Molde)
Tone Hulbækmo: trøorgel/harpe (Tolga)
Elisabeth Vannebo: tuba (Bergen)
Manus: Ramona Sulen
Musikk: Elisabeth Vannebo
Regi: Leif Stinnebom