
Bajazz- konsert med Papegøyene
Velkommen til zoologisk konsertstemning!
Papegøyene er eit festlig band. Alle medlemmane er blant dei fremste musikarane i Bergen og strøka utanfor (og utanfor der også). Her er det kvalitet i alle ledd, frå olboge til kne. Dei spelar musikk frå Brasil og andre varme strøk, pluss kjente barnesongar i «samba/reggae/hei hvor det går-versjon». Her skal det syngast og dansast både på scena og blant publikum.
Papegøyene blei starta og er leia av Asbjørn Sundal – han er perkusjonist, kurshaldar, komponist og lærar. Han har over 20 års erfaring som musikar både i Bergensområdet og elles i Sør-Noreg. Han har dei siste 10 åra hovudsakeleg jobba med teatermusikk, både som komponist/lyddesignar i tillegg til workshops og prosjekt med DJs.
Ord: 100, BT Fordel: 80, Born under 2 år: Gratis.