
BAJAZZ - Du og jeg og vi-2-3-4
Denne konserten passar for heile familien, men kanskje ekstra godt for dei mellom 4 og 10 år. I løpet av konserten får vi mellom anna møte Mr. Regnværsky som ikkje kjenner seg heime nokon annan plass enn i ørkenen, og Fru Rosenstrøm, som pønsker på å rane banken. Vi får og høyre ein song om kvifor det er lurt å saumfare baksetet for krokodillar før ein set seg inn i bilen!
Musikarane Julie og Ellen ender opp i ein spesiell diskusjon om kven som har dei kulaste instrumenta og kven av dei som kan spele fortast.
Julie Falkevik Tungevåg (piano/keytar/vokal/gitar)
Elisabeth Mørland Nesset (trommer, perkusjon, mandolin)
Ellen Brekken (kontrabass, elbass, tuba, vokal, piano, gitar)
Det er gratis inngong for barn under 2 år på denne konserten.