Arrangement

Lilleloerdag sprakspesial.jpg

Lillelørdag: Persisk-spesial

Litterær laurdag for heile familien! Med opplesingar av bøker og historier på norsk og persisk.

Gjennom Mehr Children Culture House i Bergen formidlar Hoda Parsian iransk og persisk kultur til barn. No inviterer Lillelørdag saman med Parsian til persisk barnefestival på Litteraturhuset! Det blir dukketeater, opplesing, kreativ leseverkstad med poesi, musikk, måleri og handverk. Og; du kan lære deg å skrive persiske bokstavar. I god Lillelørdag-tradisjon blir det graut – men denne gongen med safran og rosevatn!

Arrangemente går føre seg på norsk, engelsk og persisk. The event will be held i Norwegian, English and Persian.

Følg Lillelørdag på Facebook for oppdateringar!