Arrangement

65844bdfacef32b0264930ef_20240211-litfest-mini_04185b1279997be6b7786f991ad3c1fd.jpeg

LitFest MINI

LitFest MINI. Med Andrij Lesiv og Romana Romanysjyn. Gratis.
Nokre gongar kjem det beste innhaldet i små pakningar. Og slik tenkjer vi om LitFest Mini. Det er ei lita festival i festivalen for dei minste. Her skal barna få oppleve litteraturen på sine eigne premissar, med eit internasjonalt preg. Blant anna kjem forfattar- og kunstnarduoen Andrij Lesiv og Romana Romanysjyn frå Ukraina på besøk. Saman har dei skrive fleire bøker, mellom anna «Krigen som endret Rondo». Boka vart utgitt i 2014 etter Russlands annektering av Krimhalvøya. Då Russland på nytt invaderte Ukraina i 2022 blei boka omsett til ein rekke språk, samt delt ut til ukrainske barn på flukt. Saman med forfattarane skal barna laga eit kart over den fiktive byen Rondo.

Gratis.

 

 

(Foto: Eivind Senneset)