Arrangement

2019.11.09-Lillelørdag konsert.jpg

Lillelørdag-konsert: Tenk om eg var ein tanke

Lillelørdag inviterer til ei musikalsk framsyning bygd på diktboka Når morgonfrosken syng av Per Olav Kaldestad.

Dikta til Kaldestad tar for seg store spørsmål om universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar.

Musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele og song) ser på kva som skjer med diktet frå bok, til opplesing og til song. Saman prøver dei å finne ut kva dikta vil fortelje oss.

Arrangementet er ein del av Poetisk barnebokveke og Bokåret 2019.

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).

Arrangør: Litteraturhuset i samarbeid med Olav H. Hauge-senteret