
Lillelørdag: Pappaer overalt
Forfattartreff med Kaia Dahle Nyhus
I samband med Bergen Pride har vi invitert Kaia Dahle Nyhus til Lillelørdag med Pappaer overalt (2015). I denne boka med Nyhus’ unike røyst og strek finst det ein Kokosbolle-pappa, ein Tomat-pappa og ein Ugle-pappa, mellom anna. Forfattaren vil fortelje og snakke litt om kor ulike pappaer kan vere og deretter lese frå Pappaer overalt og teikne ein pappa saman med borna.
Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,- pr. person. Du betaler i døra).
Arrangør: Litteraturhuset