Arrangement

2021.01.20-Erlend Loe Lillelordag.jpg

Lillelørdag med Erlend Loe

Lillelørdag med Erlend Loe.

Ganske så inspirert av Agatha Christies Mord på Orientekspressen, har forfattar Erlend Loe og illustratør Kim Hiorthøy laga eit intrikat og sprelsk kriminalmysterium i fem delar. Kongen har fått høyre at det blir laga ein heilt fantastisk brunost på gardsmeieriet til Lisen von Kvantum. På vegen til slottet for å overrekke ein bit av osten, skjer det noko heilt frykteleg, Kongens ost er over natta full av rumpespor!

Kven har vore så frekk å rumpe osten!? Og vil Kongen nokon gong få smake på verdas beste brunost? Svar på dette får du berre om du kjem på Lillelørdag og høyrer på Erlend Loe.

Gratis (påmelding)