Arrangement

oppdagerklubben.jpg

Lillelørdag: Eventyrlege oppdagingar

Forfattartreff med Bobbie Peers.

I serien Oppdagerklubben skjer det forunderlege saker av alle slag der alt er som i eit ekte bakvendtland. Fantasien til borna reddar dei for eksempel frå skumle piratar og robotmonstre. Til no har forfattaren Bobbie Peers skrive to bøker i serien; Marshmallowsmaskinen og Skilpaddekanonen. No kjem han til Lillelørdag for å fortelje om Ella og Felix sine eventyrlege oppdagingsreiser!

Bobbie Peers er filmregissør, manusforfattar, illustratør og forfattar av barnebøker. Han debuterte med Luridiumstyven i 2015. I 2019 gav han ut Kaosparalysatoren, femte bok i serien om William Wenton. Den nye serien Oppdagerklubben rettar seg mot ferske lesarar frå seksårsalderen. Bøkene er illustrert av Sandra Steffensen.

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,– pr. person. Du betaler i døra).

Arrangør: Litteraturhuset