Arrangement

2019.06.04-Forfattartreff Markhus

Lillelørdag: Det runde problemet

Musikalsk forfattarbesøk med Vegard Markhus og Naboen min.

Forfattar og illustratør Vegard Markhus tar med seg gitar, teiknesaker og medmusikant i duoen Naboen min, Bjørnar Sangholt, når han no besøker Lillelørdag. Markhus tar òg med seg ei splitter ny bok: Det runde problemet. I boka fortel forfattaren om Robert som føler at noko manglar. Han føler at alle andre har noko som han ikkje har. Og då han snublar i ei rund og klumpete greie som ligg på golvet, skjønar han at han har eit problem.

 Det blir både høgtlesing og musikk. Og så treng Vegard Markhus hjelp til å finne ut kva han skal teikne.

 

Litteraturkafeen i Alver er open kl. 11-15. Kom innom for bøker, graut og moro. (30,- pr. person. Du betaler i døra).