Arrangement

2021.01.16-Lanternefest-n.jpg

Digitalt arrangement: Lanternefest

Lanternefesten er ein kinesisk tradisjon som kan sporast 1800 år tilbake i tid. Ein lagar lanterner til festen ikkje berre for å lyse opp den mørke tida om vinteren, men for å fortelje historier med fine teikningar på lanternene som lagar lysspel. Vil du lage di eiga lanterne som fortel dine historier? Bli med på Northings lanterneworkshop!

Arrangementet blir strøymt frå Litteraturhuset i Bergen slik at både små og store kan sitte heime i si eiga stove og lage lykt. Det de treng av materiale for å lage lanterne, kan hentast i Boksalongen i opningstida til bokhandelen på litteraturhuset frå måndag 11. januar til fredag 15. januar.

Laurdagen etter, 23. januar, er det lysfest i byen og barna kan få stille ut lanternene sine i samband med Bergen Lights på Festningen. Meir info om dette kjem.

Arrangementet blir strøymt frå Litteraturhuset i Bergens YouTube-kanal.  Følg denne lenka.