
Korleis ser det ut i munnen til dyra?
Undersøk med Malin Hellebø fra Dyrevenn i NRK
Kvifor har eigentleg fuglane nebb og ikkje ein munn med tenner, slik som oss? Korleis er det
mogleg for slangen å eta eit bytte som er fleire gonger større enn han sjølv? Er det sant at
manetane bæsjar med munnen? Og finnes det dyr heilt utan munn?
Malin Hellebø har jobba i Dyrevenn i NRK Super og elskar dyr! Inn i munnen – ei bok om dyremunnar som ho har laga saman med illustratør Bård Torkildsen, er ei underhaldande bok der du kan bli kjent med dyra på ein litt annan måte.
Bli med når Malin kjem til biblioteket vårt for å lese, fortelje og vise bilete av alle dei sprø munnane!
PÅMELDING: Påmelding via bibliotekets facebook eller bergenbibliotek.no
Passer fra 4 år, ca 30 min