Arrangement

462470190_1151789620280979_3940231511935079206_n.jpg

Vandreteater med Eventyr i Parken: Heksejakt

"Ho trollar alt til, bruker svart magi. Ho er full av trolldom og hekseri!”.

Det seiast at Mari er ei heks, og må sendes til bålet. Klarar vi å hjelpe henne med å slippe unna?
Vi reiser tilbake i tid, til Norge på 1600-talet, ei tid kor man fortsatt trodde på trolldom og hekseri her i landet.
I dette vandreteateret får publikum bli med Mari på ein farefull ferd.
Mari kan alt om naturens kraft, og veit korleis ho kan gjere folk frisk ved hjelp av planter og urter. Men det tror ikkje alle på, særleg ikkje "dei sorte kappene". Dei har tatt over landet, og jobbar med å renske Norge for hekser. At urter og planter kan gjere folk friske tror dei ingenting på: Det må vere trolldom og magi ho driver med!
Og kva skal ho gjere når hennar gode venn Dorthea treng evnane henner for å bli frisk?

Vandreteateret foregår ute på museumsområdet, med start frå hovudinngongen. Hugs å kle deg etter veret. Teateret passer fint for heile familien.
Billettpris er 100 kr per person, og for dei vaksne gjeld billetten også som inngong til Grøss og Gru som er på museet denne dagen.
Forestillinga varer ca 50 minutt, og det er sett opp to forestillingar. Første forestilling går kl 1300 og den andre kl 1430.
Velkommen til Heksejakt!