Arrangement

kokosbananas-forfattar-rolf-magne-golten-andersen.jpg

Kokosbananas lesestund og familiedag

Forfattar Rolf-Magne G. Andersen kjem og les frå dei kjende barnebøkene om Kokosbananas. Kokosbananas er ein helsprø liten oppfinnar som bor i den koselege bygda Nøttvik med familien sin. Forfattaren les høgt og får hjelp frå borna til å lage lydeffektar og saman lagar me ein skikkeleg gøyal opplesing. Det vert rebus i utstillinga og teikneverkstad, og etter opplesinga vert det kino. Avgrensa plass, så me anbefalar å kjøpe billettar på førehand. Open kafe under arrangementet. Kr 50. Kjøp billetter her