nYMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer Skinnvotten i ny drakt
Velkommen til ny Krapyl-konsert!
Skinnvotten er et godt kjent ukrainsk folkeventyr om ein mann som mister ein skinnvott i skogen ein vinterdag. I løpet av natta vert votten til eit hus for mange av skogens dyr. Både rev, mus, frosk, bjørn og andre dyr bruker votten som husly denne kalde natten. Det er trangt om plassen, men med godt samarbeid får dei plass til alle. Eller gjer dei det?
På denne konserten vil Mara Haugen på fiolin og Ragnhild Sannes på cello presentere eventyret om Skinnvotten i ny drakt. Saman har dei improvisert og komponert ny musikk, som skal tonesette forestillingen og alle dyra i skogen.
Velkommen til ein hyggeleg konsertoppleving for dei aller minste! Alle aldersgrupper er velkomne.
Konserten finn sted i Vårt Vestland på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!