
Figurteater: Himmelspringaren
Ei nydeleg forteljing om korleis vi er mot framande.
I Gullullafjøset blir det ein dag fødd ein sau som er heilt annleis. Det vesle lammet er lilla! Ein slik ein kan ikkje vere i dag med oss, seier dei andre sauane. Men ein dag oppe på sommarfjellet kjem Kvasskjeften lurande, og kanskje er ein sau som er annleis nett det dei treng? Ei nydeleg forteljing om korleis vi er mot framande. Kva er å vere annleis og kva er normal?
Framsyninga er basert på Sissel Horndals vakre og spanande biletbok Himmelspringaren. Laga og spelt av Monika Solheim og Adele Lærum Duus. Musikk av Hallvard Lærum. Regi Annicke Giil Haukås.