Arrangement

20220116_125032redhøyoppl.jpg

Monsterbesøk- figurteater

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk.
Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter dykk Lys levende Adele i alle rollane.
Den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.
Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, og Tove Bakke har omsett. Denne boka er den femte i den populære serien som forfattartrioen frå Island står bak.
Monsterverkstad:
Ikkje alle monstre er skumle! Nokre er berre søte og litt rare. Lag din eigen monsterven, med garn, piperensar og klesklyper.
Foto: Bergen offentlige bibliotek