Arrangement

Barn i byenFamiliedag Hordamuseet Foto Tove Breistein.jpeg

Familiedag på Hordamuseet

Lek og lær på Hordamuseet

Velkomen til familiedag på Hordamuseet!

Sundag 13. juni frå kl 12 - 15

Møt Arne smed som formar glødande jern. Prøv å vask tøy med vaskebrett, bli med på fjorden i ekte oselvarar, eller leik med strikkbåtar i bassenget.

Det vert gamaldagse leikar på skuleplassen, kandissukker i krambua, og eventyrstund i den gamle løa. Prøv å hogg og stable ved, og møt Berit båtbyggjar som byggjer ein oselvar åttring. Opplev korleis ein kan farga tøy med planter. Vestlandske Folkekunst syner litt av det dei driv med, og det vert demonstrasjon av tradisjonell ølbryggjing oppe i klyngetunet.

Fanaduren speler på toradar og det vert rebusløype for store og små. Omvisning rundt nokre av dei gamle husa.

Kafe i hovudbygningen og open Båthall.

Kjøp billett til familiedag på Hordamuseet her<https://checkout.ebillett.no/325/events/culture?ordre_nr=70>

Voksne kr 120

Barn kr 60

Barn under 3 år gratis

BT Fordel 25% rabatt for inntil 2 voksne

Ledsagerbevis

Gratis med Bymuseets årskort


Vi tar smittevernregler og tiltak på alvor. For å gi publikum en trygg og god opplevelse har vi begrenset antall personer i museet, hold minimum 1 meter avstand. Desinfeksjonsmiddel tilbys. Nærmere informasjon får du på museet ved ankomst. Anbefalt bruk av munnbind.