Arrangement

Morgonfrosken_Foto Ingerid Jordal.jpg

Morgonfrosken

Stemningsfull gratiskonsert på Fløyen av og med Morgonfrosken.

Stemningsfull gratiskonsert på Fløyen av og med Morgonfrosken. 

Morgonfrosken syng songar om store spørsmål og emne som universet, tankane våre, einsemd og kjærleik, til nære og konkrete fenomen som vær og vind, fuglar og froskar. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk, godt blanda med amerikansk oldtime og britisk folk- og popmusikk.

Tekstane er skrivne av Per Olav Kaldestad og henta frå boka Når morgonfrosken syng, musik­ken er laga av folkemusikaren, songaren og kom­ponisten Annlaug Børsheim. I Morgonfrosken har ho med seg den banjospelande klarinettis­ten Ingemund Askeland frå Etne og den harding­felespelande felespelaren Mari Skeie Ljones frå Lillehammer. Sjølv spelar ho gitar, fele og syng. Dei har turnert for Den kulturelle skolesekken og spelt ei rekke konsertar for store og små på mellom anna Førdefestivalen og Bajazz. I haust kom oppføljerplata Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind.