Arrangement

web-plakat-tordivelen-2.jpg

Tordivelen flyg i skumringa

Spenningsklassikaren av Maria Gripe - til glede for nye generasjonar!

I ei doven svensk bygd driv tenåringane Annika, Jonas og David ut i sommarkvelden med ein bandopptakar. I jakta på spennande lyder endar dei opp i hagen til den gamle Selandergården. Her, gjennom summinga av insekter og støyen frå det forbipasserande nattoget, plukkar mikrofonen opp ei stemme. Er det nokon som forsøker å nå dei frå ein annan dimensjon ? Dette vert starten på eit mysterium der ei rekke underlege hendingar grip inn i kvarandre. Gjennom uforklarlege telefonsamtaler, ei plante si underlege framferd og eit skrin med gamle kjærleiksbrev, byrjar ungdommane å nøste i ei historie som strekk seg fleire generasjonar tilbake i tid, og som opnar augo deira for at det finst meir mellom himmel og jord enn dei kan fatte.

Maria Gripe si forteljing er blant våre sterkaste romanklassikarane for barn og unge. Opprinneleg vart den laga som eit høyrespel i 1979, og serien vart for nokre år sidan kåra til det beste høyrespelet for ungdom i NRK, nokonsinne. «Tordivelen flyg i skumringa» er både ei sanseleg og medrivande spenningsforteljing, og ei tankevekkande påminning om korleis vår tid på jorda set spor for dei som kjem etter oss, både i relasjonar og i det økologiske kretslaupet vi påverkar.
I Miriam Prestøy Lie sin regi og Tora Troe sin scenografi, kan vi love ei visuell, leiken og spennande framsyning for eldre barn og ungdom.

Av Maria Gripe
Dramatisering og regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi og kostymedesign: Tora Troe
Komposisjon/lyd: Selma Stang
Lysdesign: Silje Grimstad
Med: Katrine Lunde Mackenzie, Stig Amdam, Petter Winther, Peiman Azizpour og Anne Wiig.

Alder frå 10 år.

Speleperiode: 24. oktober – 19. november på Det Vestnorske Teateret i Logen.

 

Barn i Byens junior reporter anbefaler forestillingen. Les mer om dette her