Arrangement

PLAKAT_A2_SPADY3MM-kopi.jpg

«365 Pingvinar»

Figurteater for barn frå 4 år med Open Window Theatre

Tenk deg at du lever eit heilt vanlig liv…

No, tenk deg ein morgon i januar, at nokon bankar på døra di…

Du opnar døra, overraska finn du ein liten pakke adressert akkurat til deg…

Du opnar den spent og…

Du finn ein PINGVIN ...og det er ikkje ein bamsepingvin!

Klarer du å førestille deg det?

Ja?

No, førestill deg det 365 gonger...

Framsyninga handlar om ein sympatisk familie som må klare seg gjennom eit år med fleire og fleire uønska gjestar. I denne kaotiske situasjonen kan matematikk komme til nytte: Telje, sortere og ordne. I tillegg må dei gå i gjennom mykje uventa når dei rare vesena dukkar opp. Eit godt samarbeid kan løyse problem som verkar umoglege å løyse.

365 PINGVINAR er eit figurteater av Open Window Theatre for barn frå 4 til 365 år. Framsyninga overraskar med si abstrakte, metaforiske og visuelt spennande form. Du får presentert matematikk på eit interessant vis, og sjå verda og naturen gjennom barna sine auge.

(teksten fortsetter under bildet)

«365 Pingvinar»

Figurteater for barn frå 4 år med Open Window Theatre

Basert på boka «365 Pingouins» av Jean-Luc Fromental og Joëlle Jolivet

På scenen: Dominika Minkacz – Sira

Meir info: https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/365-pingvinar/

 

På Det Vestnorske Teateret i Logen:

 

Laurdag 29. august kl. 12:00 – premiere 

Laurdag 29. august kl. 14:00 

Laurdag 12. september kl. 12:00