Arrangement

Politietsdagmindre.jpg

Politiets dag

Bli kjent med politiet og hvordan de jobber!

Politiets dag i Bergen sentrum

Laurdag 26. august kl. 11.00 går politiets dag av stabelen. Både vaksne
og barn har høve til å bli betre kjent med oss i politiet og kva vi jobbar med. Velkommen til eit hyggeleg arrangement på Øvre Vågsallmenning og ved politihuset med stands, oppvisningar og mykje moro utover dagen.

Program:
1100: Opning med politiorkesteret og politimeistren
1130: Hundepatruljen demonstrerer sine ferdigheter
1200: Trekning av spørjekonkurranse for barn
1215: Politiorkesteret spiller
1245: Innsatsstyrken rappellerer frå politihuset
1315: Trekning av spørjekonkurranse for barn
1330: Sykkelauksjon

Heile dagen mellom kl. 11 og 14

Krimteknikarane demonstrerer korleis dei sikrar spor på ein åstad, syner fram utstyr og svarar på spørsmål.

Gamle og nye politibilar blir synt fram. Born kan teste utstyr og få prøvesitte ein ekte politimotorsykkel.

Fleire stands med informasjon om mellom anna pass, førarkort og våpen. Lær korleis du kan førebygge innbrot eller lommetjuveri. Spørjekonkurranse for born – vinn en tur med politibåten.

Ta ein prat med politimeisteren.

Lurer du på om du vil bli politi? Studentane våre fortel om Politihøgskulen og kva som må til for å komme inn.

Politibåten ligg til kai yttarst på Zachariasbryggen og det vil bli mogleg å komme om bord for å sjå

og stille spørsmål. I tillegg vil dei ta med vinnarar av spørjekonkurransen på ein liten båttur.