Arrangement

2017.04.01-Forfattertreff kjedelig bok-kopi.jpg

Ei kjedeleg bok? – Vegard Markhus

Hovudpersonen i Ei kjedeleg bok kjedar seg. Han vil ut av den kjedelege boka med dei kvite sidene og den svarte skrifta

Ei kjedeleg bok

Med forfattar og illustratør Vegard Markhus.

Hovudpersonen i Ei kjedeleg bok kjedar seg. Han vil ut av den kjedelege boka med dei kvite sidene og den svarte skrifta. Men korleis rømme frå si eiga bok? Og kva når ein har kome seg ut av boka og så kjenner seg utanfor? Finst det då vegar tilbake? Kan han forandre på boka?

Vegard Markhus har skrive og teikna boka, og i dag skal han lese for oss – og teikne, fantasere og fargeleggje saman med barna: Sjølv om boka er kjedeleg, blir det heilt sikkert gøy å høyra på!