Arrangement

%22Askeladden som kappåt med trollet%22 Foto: Milena Nowak.jpg

Askeladden på trolljakt

("Askeladden som kappåt med trollet", Foto: Milena Nowak)

Arkeolog Sigrid Skogheim og hennar assistent Espen Askeladd skulle endeleg i gong med nokre større vikingutgravingar då dei merka noko rart. Høge lydar, store spor og noko verkeleg illeluktande! Og då fleire bukkar forsvann då dei skulle krysse brua, for å gå til seters og gjere seg feite, vart dei to arkeologane heilt sikre: det må vere troll på ferde! Kan det hende det er sjølvaste Dovregubben som har forvilla seg til Nygårdsparken? No ber dei små og store kome for å delta på trolljakt!

Ved Eventyr i Parken
Varighet ca. 60 min.
Alder: Frå 4 år